Bli medlem i MFMR.

Kvifor bli medlem?

Nettverket er ei samling av hyggelege folk som er interesserte i strandrydding. Nokon ryddar no og då, nokon har det som hobby og terapirom medan nokon har tatt steget ut og gjort strandrydding til jobben sin. Det vi alle har til felles er eit brennande engasjement for naturen og havet.

Som medlem får du ein digital arena for diskusjon og motivasjon, du får deltatt på fysiske nettverkssamlingar, og ryddeaksjonar.

Bli medlem som privatperson

Slik blir du medlem

Du kan melde deg inn i Facebook-gruppa vår, kor du tar del i det digitale felleskapet. Her får du ein arena for diskusjon og motivasjon og du får fotløpande informasjon om kva som skjer.

Du kan og velje å få informasjon sendt direkte i innboksen din. Då må du skrive inn namn og e-postadresse so vi kan legge deg til medlemslista.

Bli bedriftsmedlem

Korleis kan bedrifta di bidra i arbeidet mot marin forsøpling?

Trykk på den grøne knappen under og fyll ut skjemaet, eller ta kontakt med oss direkte, for å melde di interesse for å bli bedriftsmedlem. Deretter tek nokon av oss personleg kontakt med ansvarlege i bedrifta og spør om dei vil bli medlem.

På vestlandet står næringslivet for over 50% av det identifiserbare avfallet.

(Mepex dypdykk, 2020)

Våre bedrift/organisasjonsmedlemmar