Lurar du på korleis du skal kome i gang?

Kor kan eg rydde?

Ein ryddeaksjon kan forgå akkurat der du ønskjer, med mindre det er i eit verneområde med ferdselsforbod (les meir om vern og korleis ta omsyn til dyreliv lengre nede). Bruk gjerne ryddenorge.no for å få oversikt over kvar det nyleg har blitt rydda.

Kva slags utstyr treng eg?

Du treng hanskar og søppelsekkar. Slikt utstyr kan hentast gratis på forskjellige utleveringsstadar, som friluftsråda, Runde Miljøsenter og fleste renovasjonsanlegg (sjå ryddenorge.no si oversikt). Om du treng større mengder, kan du bestille ryddeutstyr direkte frå Hold Norge Rent.

Andre ting som kan vere kjekt å ha med seg i ryggsekken er skiftekle, mat og drikke (og gjerne litt sjokolade!), enkelt førstehjelpeutstyr, og kniv til å kutte tau og andre ting som heng fast.

Registrere aksjonen

Om du vil arrangere ein ryddeaksjon er det lurt å registrere aksjonen hos ryddenorge.no i god tid før ryddedagen. Der kan du velje om den skal vere offentleg, slik at andre kan møte opp og bli med, eller privat. Registrering av ryddeaksjonar samlar nyttig informasjon og om du er interessert i å undersøke nærmare kvar søppelet kjem frå kan du registrere funna din inne på same nettside eller app. Dette er og nyttig for andre som vil ut og rydde, slik at ein kan sjå kor det (ikkje) har blitt rydda den siste tida.

Adopter ei strand

Om du har funne ei strand som du ser på som “di eiga”, og som du har lyst å ta ekstra vare på ved å halde den ryddig for søppel, so kan du vurdere å “adoptere” den stranda. Hold Norge Rent har ei ordning kalla Min bit av Norge der du kan gjere akkurat dette. Eit insentiv for å nytte seg av ordninga er at man då kan søke på midlar til ryddeaksjonane eller tilrettelegging i området.

Om dette høyrast ut som noko for deg, les meir om ordninga og framgangsmåten for å adoptere eit område inne på Hold Norge Rent si nettside.

Før ryddeaksjonen

Foto: Hustadvika Adventure.

Foto: Vasco Pinhol.

Omsyn til natur og dyreliv

Målsettinga med å rydde er å ta vare på naturen. Difor er det viktig å ta nokon forhaldsreglar for å unngå å forstyrre den meir enn nødvendig. Nøkkelorda er å ha ein so sporlaus og varsam ferdsel som mogleg.

Det er ikkje noko fastisvar på når man burde unngå å rydde, men vanlegvis sei man at man bør unngå store ryddeaksjonar i uberørte områder mellom mai og august. På denne tida er det mange fugleartar som hekkar og det er stor sjanse for å forstyrre dei. Fuglar brukar ikkje kalendaren, og det er store variasjonar mellom artar og kvar i Noreg du er. Nokon starta veldig tidleg på året, som t.d. havørna, og ornitologar sei ofte difor at den beste årstida for strandrydding er på hausten og vinteren.

Dyr og fugl som ikkje er vandt med folk er ofte meir var for forstyrring, og det er difor ekstra viktig å ha auge og øyre med seg i dei områda det sjelden ferdast folk.

Verneområde

Før du reiser på strandrydding er det viktig at du undersøkjer om det er nokon verneføreskrifter som ein må følgje. I dei fleste verneområder er det krav om å ta ekstra omsyn til naturen, og mange har særskilde reglar som skal sikre sårbare artar i området. Ver spesielt merksamd på ferdselsforbod og forbod mot flyging av drone. Under ferdelsforbodet er all ferdsel i området ulovleg, med nokon få unntak.

For å få oversikt over verneområda og verneføreskriftene sjå Miljødirektoratet sitt Naturbase-kart!

Foto: Randi Kjærstad Hagerup.

Under ryddeaksjonen

HMS

Strandrydding er ein trygg aktivitet, men det er alltid lurt å vere bevvist på helse, miljø og tryggleik (HMS).

Første tips er å tilpasse ryddeområdet til ferdigheiter og fysisk form til ryddarane. Deretter er det lurt å tenke over dei moglege farene (t.d. ramle på sjøen, skli på stein og ramle, skjere seg etc.) og kva utstyr som trengs om nokon av dei farene skulle skje (t.d. førstehjelpsutstyr, redningsvest etc.).

Tips nummer to er å rydde i lag med andre. Det er lett å bli oppslukt i søppeljakta, men det er viktig å sei til kvarandre kva de går og å kikke opp no og då og sjå etter ryddepartnaren din.

Det siste vi vil nemne som kan vere lurt å tenkje på under strandrydding er farleg avfall. Finn du skarpe gjenstandar som sprøyter eller glasbrot so kan det vere ein god ide å putte desse på ein behaldar eller i ei flaske. Finn du gjenstandar som du vurderer som potensielt farlege å handtere er det betre å la den liggje, ta bilete av den og spør andre strandryddarar om dei veit kva det kan vere.

For meir informasjon om HMS og strandrydding, sjekk ut Hold Norge Rent sin sikkerheitsrettleiar.

Foto: Runde Miljøsenter.

Søppelet som blir plukka på ryddeaksjon kan leverast gratis til dei fleste reinhaldsverk takka vere Hold Norge Rent si refusjonsordning. Dei fleste miljøstasjonar som tek i mot strandyddeavfall er markerte i ryddenorge.no sitt kart. Miljøstasjonane føretrekk at avfallet er i designerte strandryddesekkar, som til dømes Norge Rent sine. Plukkar du med deg noko som du trur kan kategoriserast som farleg avfall, set renovasjonsselskapa stor pris på om du held det separert frå resten av søppelet.

Alle renovasjonasselskap ønskjer at du ved avlevering av søppelet har klar ei aksjonskode frå Ryddenorge, men nokre er strengare på dette enn andre. Ei slik aksjonskode blir generert når du har opprettar aksjonen din i Rydde.

For informasjon om kor du kan levere strandryddesøppel, sjå oversikta over alle kommunane i fylket under.

Avfallshandtering

Etter ryddeaksjonen