Vil du vite meir om oss?

Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal (MFMR) er koordinert av Runde Miljøsenter, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og er ein samlearena for alle som jobbar mot marin forsøpling i fylket.

MFMR sitt formål er å inspirere og oppretthalde motivasjonen til strandryddarar i regionen, drive informasjonsarbeid mot skular, næringsliv etc. samt å vere ein høyringsinstans og ein ressurs i den offentlege samtala rundt forsøpling- og forureiningsproblematikken. Sidan starten har arbeidet til MFMR blitt gjort mogleg med støtte frå Miljødirektoratet/Marfo og Handelens Miljøfond. 

MFMR blei starta i 2019 (då heitande Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre) av Runde Miljøsenter og Sunnmøre Friluftsråd. I 2021 blei nettverket utvida til å dekkje heile Møre og Romsdal, og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal blei med i koordineringa.

Foto: Vasco Pinhol.

Sjå nettverksfilmen vår