Ein isoporbit som blei til ti gode venar

Isopor, eller EPS, er noko strandryddarane finn mykje av. Samarbeidet med Vartdal Plast, ein stor lokal produsent, starta sommaren 2019 då nettverksmedlemmar starta å diskutere seg imellom om isoporen dei fann. Fylkesmannen, no Statsforvaltaren, blei kopla inn og saka blei plukka opp av lokalavisane. Som eit resultat av dette tok Vartdal Plast kontakt med sine kundar for å understreke viktigheita av at isoporen blei handtert skikkeleg både før, under og etter bruk.

Isopor i terrenget på Gjøsundholmen. Foto: Runde Miljøsenter.

Etter ei felles forståing av viktigheita av at isoporen var eit problem som måtte takast tak i, blei det hausten 2019 arrangert ein ryddeaksjon på Vemøya i Ellingsøyfjorden, kor det blei kartlagt mengda av isopor. Hausten 2021 blei dette samarbeidet ytterlegare utvida gjennom ein ryddeaksjon på Gjøsundholmen i Vigrafjorden. Hold Norge Rent, Vartdal Plast og Sunnmøre Friluftsråd rydda transekt, talte opp og fekk uvurderleg hjelp av markeds og innkjøpssjef Mounir El’ Mourabit frå Vartdal Plast til å “artsbestemme” kva slags isopor vi fann, kor gammal den kunne vere og mogleg utsleppskjelde. Dette arbeidet var ein del av utarbeidinga av HNR sin rapport Forsøpling av EPS og XPS frå byggeplasser.

Studietur med EPS-foreninga i 2019. Foto: Runde Miljøsenter.

Slike relasjonar mellom aktørar langs fjordane våre viste seg og verdifull då ein trailer frå Vartdal Plast var involvert i ei trafikkulykke vinteren 2023, og innhaldet blei spreidd for vind og vêr. Skjærgårdstjenesten og medlemmar av nettverket bisto i oppryddingsarbeidet, og samla inn tre bigbags med EPS - i tillegg til ein halv båt med anna marin forsøpling. Gode relasjonar gjer det enklare å både be om hjelp og å strekke ut ei hand.

Forrige
Forrige

Tips til kva bedrifter kan gjere