Vårsamling på Runde 2024

Ah – vårsamling på Runde, nettverkets heimplass og arnestad! Mange av nettverksmedlemmane let seg freiste av utsiktane til ei kjekk helg med godt program og vêr.

Fredagsprogrammet starta opp med Raul Grau-Ruiz, som er doktorgradstudent ved Høgskulen i Volda. Han forskar på korleis og i kva grad nærnaturen påverkar vår oppleving av lykke og tilfredsheit. Det var kjekt å høyre hans innspel, ikkje minst hans spanske perspektiv på den norske friluftslivtradisjonen. Om du vil lese meir om hans arbeid finn du artikkelen hans her (berre engelsk) Norwegian Outdoor Happiness: Residential Outdoor Spaces and Active Leisure Time Contributions to Subjective Well-being at the National Population Level at the Start of and During the COVID-19 Pandemic | Journal of Happiness Studies (springer.com)

På teams fekk vi så med oss Jannike Falk-Andersen og Kristin Galtung som er forskarar på Norsk institutt for vannforskning (NIVA). Dei fortalte om arbeidet dei har hatt med rapporten “Kunnskapsinnhenting om forsøpling på sjøbunn i Norge».

Neste punkt på programmet var middag og sosialisering. Opplev Runde diska opp med nydeleg mat som alltid, og det var god stemning rundt borda. Den store finalen kom då ein av deltakarane kom inn etter å ha lufta hunden med rop om nordlys!

Laurdagen starta vi med frukost og sol i auga. Vår fyrste gjest på teams var Bjørn Heidenstrøm frå Oslofjorden friluftsråd som fortalde som korleis dei har arbeida med kartlegging og fjerning av vrakbåtar gjennom mange år. Vrakbåtar har eit stort forureinings- og forsøplingspotensial, med mykje plast, olje og anna som er viktig å få fjerna frå naturen. Mange kvir seg for å ta tak i slike problem, då det kan vere eit litt uklart farvatn med juss og ansvar, men Bjørn hadde fleire gode tips kor vi kunne vise til paragrafar og overbevisande setningar. Som eit første steg blei vi alle oppfordra til å registrere båtvrak i Rent Hav, Rydde eller på båtvrak.no.

Men vi kunne jo ikkje sitte inne heile dagen i eit slikt flott ver, so det var no å komme seg i anten arbeidskle eller våtdrakt og komme seg ut for å rydde eller bli med på coasteering. Totalt på dei to ryddeøktene vi hadde blei det rydda rundt 300 kg søppel. Det var særs interessant å sjå i kva grad det var slått opp nytt søppel, då eit av områda var rydda for to år og eit for berre ca. 5 månadar sidan.

Ein viktig del av strandrydding er registrering. Då Hold Norge Rent lanserer ny versjon av «Rydde» seinare i år, fekk vi med oss John Harald Sand som losa oss gjennom dei nye funksjonane. Vi håpar at med ny versjon skal det bli enklare å registrere ryddeaksjonar. Dette er viktig for å vite kvar det er rydda, når og kor mykje, og ikkje minst for å få ryddekode slik at ein kan levere avfall gratis på gjenvinningsanlegga.

Etter nok ein nydeleg lunsj fekk vi høyre om den portugisiske store born/ungdomsboka Plasticus maritimus: Alt om plast i havet av Ana Pêgo. Den er i ferd med å bli omsett til norsk, og er tatt inn i innkjøpsordninga til biblioteka. Forhåpentleg blir den lansert i løpet av hausten, kanskje i forbindelse med Strandrydderveka i september. Simone Stibbe frå forlaget Skald har eit håp om at vi i nettverket kan være interessert i både kjøpe boka og være ambassadørar for den.

På slutten av laurdagen fekk vi ei gjennomgåing av Anne Melbø frå Statsforvaltaren om miljøkriminalitet. Ho fortalte om korleis dei jobba med saksfeltet, og korleis vi som «folk i felt» skal forhalde oss til saker vi eventuelt skulle snuble over. Fagprogrammet avslutta vi med ei runde med open mikrofon, kor vi blant anna fekk vite meir om kva slags arrangement som var planlagt for Vårryddedagen 16. mars.

Søndag var siste dag av samlinga, og sanneleg blei det enno ein dag bada i sol. Våre vener i Gurillia Plastic Movement var direkte inne frå Gdansk, kor dei var haldt på med eit spanande prosjekt i samarbeid med teateret der borte. Plastarken som dei bygger på Smøla skal avdukast i mai og vi fekk ei oppdatering på korleis det arbeidet går. Dato for avdukinga er 10. mai, og alle er sjølvsagt hjartelege velkomne til å ta del i festelegheitene denne langhelga. Nettverket skal forøvrig ha haustsamling på EcoCamp Smøla i slutten av oktober, med besøk til Plastarken som ein post på programmet.

Tradisjonen tro tok vi oss ein herleg fjelltur over fjellet til Lundeura. Lundefuglane er ikkje komen inn frå sjøen enda, men det var godt med liv i leiren til havsulene! I år kan du følgje med på lundeura live med webkamera, den finn du her.

Samlinga ble avslutta med varmande supe, og like gode og varme klemmar mellom nye og gamle venar. Vi gledar oss til neste gong!

Takk til Handelens Miljøfond for støtta til arrangementet.

Om du er interessert i å lese meir om det som skjedde på samlinga kan du lese heile referatet her.

Neste
Neste

Haustsamling på Ona + årsmøte 2023