Bossrunden er ein lågterskel ryddekonkurranse for bedrifter på Sunnmøre og er open for alle bedrifter i regionen. Konkurransen varer frå 12. til 26. oktober. I løpet av to veker set bedrifter av tid, frå 15 minutt i lunsjen til ein heil dag, for å rydde i nærområdet sitt.
Det skal vere lågterskel å bidra – éin bosspose er betre enn ingen pose. De bestemmer sjølve korleis de ønskjer å løyse det. Vi kan hente bosset hos dykk og stille med utstyr dersom det er ønskjeleg. I løpet av to veker skal bedrifter plukke boss, rapportere funn og vise at eiga verksemd tek miljø- og samfunnsansvar på alvor.
Påmeldinga er open no, og all informasjon er tilgjengeleg her 👉 https://www.fremje.com/bossrunden2026-sm
Kvifor delta?
✅ Vis samfunnsansvar og miljøengasjement
✅ Bygg lagånd og engasjer dei tilsette
✅ Konkurrer om premiar øyremerkte ytterlegare miljøforbetring i lokalmiljøet, til ein samla verdi av 85 000 kr, sponsa av Sparebanken Møre
Bossrunden deler ut fleire prisar, mellom anna for størst mengd innsamla avfall, mest rydda per tilsett, mest oppsiktsvekkjande funn, beste før- og etterdokumentasjon, beste samarbeid og beste formidling.
Perfekt for teambuilding!
Bossrunden er eit samarbeid mellom Fremje, Rewild Norge, Sunnmøre Friluftsråd, Nettverk Marin forsøpling Møre og Romsdal og Runde Miljøsenter, og blir gjennomført med Sparebanken Møre som sponsor.
PS: Rewild organiserer undervegs i Bossrunden ein større ryddeaksjon med base i Holmeskjærsvika i Ålesund 16. og 17. oktober dersom ein ønskjer å delta på det.