Tilbake til alle arrangementer

AVLYST Haustsamling Smøla


No er det duka for den siste fysiske samlinga for Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal i år– på vakre Smøla!

Vi samlast på Eco-Camp hos Mona, ein unik stad som gir oss både naturnære omgjevnader og ein varm og vakker møteplass.

Helga blir fylt med både fagleg påfyll og sosiale aktivitetar, der strandrydding sjølvsagt står i fokus. Vi skal lære, diskutere og inspirere kvarandre – og samtidig ha det kjekt saman i dei naturskjønne omgjevnadene som Smøla byr på.

Som ein del av haustsamlinga inviterer vi også til årsmøte for Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal på søndagen. Det blir også mogleg å delta digitalt.

Praktisk informasjon:

Påmelding: Skjer via skjemaet her: https://forms.office.com/e/4nSkgwcMET

Transport: Smøla ligg nord i fylket, så reisevegen kan vere lang for nokre. Vi legg til rette for samkøyring, og det finst kollektivtransportalternativ med båt frå Kristiansund.

Samlinga er gratis for deltakarane.

Førebels program:
Fredag 24. oktober
19:00–20:00: Ankomst og innlosjering. Omvising og introduksjon til Eco-Camp fortløypande ved ankomst
Tacomiddag på Eco-Camp

Laurdag 25. oktober
Frukost
Strandrydding
Lunsj
Strandrydding
Fagleg program med inspirerende foredragsholdare
Sosialt samvær
Middag

Sundag 26. oktober
Frukost
10:00: Årsmøte i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal
Lunsj
14:00: Heimreise

For meir informasjon, sjå Facebookarrangementet.

Forrige
Forrige
18. september

Ryddeaksjon på Harøya

Neste
Neste
27. oktober

Årsmøte 2025