Tilbake til alle arrangementer

Holmehopping på Grip


Sommarsamlinga i nettverket, eller Holmehoppinga som vi likar å kalle det, er andre nettverkssamling for året. I år blir denne arrangert på vakre Grip utanfor Kristiansund. Hovudfokuset på samlinga vil vere å drive med strandrydding og overnattinga forgår i telt (det vil truleg vere mogleg å overnatte inne på ein “sovesal” inne på Gripkroa for nokon få). Ta kontakt om du ikkje har tilgang på overnattingsutstyr og treng hjelp til å finne noko å låne. Vi får leige Gripkroa og kan bruke den til toalettfasilitetar og som opphaldsområde om ønska. Sidan Grip er ei veldig vêrhard øy so vil det bli lagt ein plan B om det er for mykje vind eller anna vêr.

OBS: Sidan vi må organisere båtskyss for å kome seg til og frå øya so vil det ikkje vere mogleg å delta på deler av samlinga, med mindre man kjem seg ut på øya på ein annan måte.

Foreløpig plan for helga:
Fredag 8. september:
Ettermiddag/kveld - oppmøte i Kristiansund for båt ut til Grip
Kveld - guida tur på øya og deretter middag og mingling

Laurdag 9. september:
Morgon - frukost
Før lunsj - strandrydding på Grip og holmane rundt
ca. kl. 12 - lunsj
Etter lunsj - strandrydding på Grip og holmane rundt
Kveld - middag og mingling

Søndag 10. september:
Morgon - frukost
Før lunsj - strandrydding på Grip og holmane rundt
ca. kl. 12 - lunsj
Etter lunsj - heimreise

For at vi skal vite kor mange som ønskjer å delta må alle melde seg på. For å gjere dette må du vere anten vere medlem i Facebookgruppa til MFMR eller vere med i e-post-gruppa. Les meir om korleis bli medlem her.

Om du har spørsmål til samlinga ta kontakt med Ovidie Mari Lynge (e-post: ovidie@runde.no; tlf: 40623432) eller Patrick Gule (e-post: patrick@friluftsraad.no; tlf: 97141386).

Arrangementet er gratis å delta på takka vere støtte frå Handelens Miljøfond.

Forrige
Forrige
8. september

Strandryddeveka 2023

Neste
Neste
16. september

Strandryddedagen på Tautra