Vi ønskjer å invitere dykk til å delta på eit seminar om plast og forsøpling ved Runde Miljøsenter
Tanken er å samle aktørar frå forsking, forvaltning, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar for å diskutere korleis vi kan førebyggje forsøpling og finne betre og meir heilskaplege løysingar. For å leggje til rette for brei deltaking og samle folk på tvers av organisasjonar, fagmiljø og sektorar, er seminaret ope og gratis for alle. Vi håpar dette kan bidra til å skape ein møteplass for kunnskapsdeling, nye perspektiv og samarbeid om felles utfordringar.
Målet med seminaret er å dele kunnskap og erfaringar, identifisere kunnskapshol og diskutere konkrete tiltak som kan bidra til mindre plast og forsøpling – både på land og i havet. Vi ønskjer også å sjå nærare på utfordringar kommunane står overfor, korleis ulike aktørar kan samarbeide betre, og kva verkemiddel som kan bidra til å førebyggje forsøpling og sikre gode løysingar for avfallshandtering og opprydding.
Ein sentral del av seminaret vil vere ein workshop der deltakarane saman skal utforske aktuelle problemstillingar, peike på behov og kunnskapshol og utvikle forslag til tiltak og vidare samarbeid.
Vi ønskjer gjerne innspel frå dykk i planlegginga. Dersom de har eit fagleg innlegg, eit prosjekt, konkrete erfaringar eller løysingar de meiner det vil vere relevant å presentere, tek vi gjerne imot forslag. Vi set også stor pris på innspel til problemstillingar, utfordringar eller kunnskapshol som bør løftast i workshopen.
Vi håpar de har høve og lyst til å delta og bidra med dykkar kompetanse og perspektiv. Ambisjonen er at seminaret skal munne ut i konkrete forslag til vidare arbeid og bidra til betre samarbeid på tvers av fagmiljø, sektorar og forvaltningsnivå.
Praktisk informasjon
Stad: Runde Miljøsenter
Dato: 25.november 2026
Tid: 08:30 - 16:30
Pris: Seminaret er ope for alle og gratis å delta på. Det er avgrensa med plassar, så vi ber om bindande påmelding.
Påmelding: Påmeldingsskjema til Plastseminar på Runde
Servering: Lunsj er inkludert for alle deltakarar.
Etter seminaret inviterer vi til ein felles middag for dei som ønskjer å delta. Middagen er gratis for føredragshaldarar og andre inviterte bidragsytarar. For øvrige deltakarar vil det vere mogleg å melde seg på middagen mot betaling.
Vi ber om at du oppgir i påmeldingsskjemaet om du ønskjer å delta på middagen. Informasjon om pris og betaling blir oppgitt i samband med påmeldinga.
Vi kjem tilbake med nærare informasjon om programmet etter kvart som dette tek form.