Tilbake til alle arrangementer

Vårryddedagen 2026

Søndag 22.mars, dagen etter den nasjonale strandryddedagen, inviterer vi til strandryddeaksjon på Voldsund. Ryddeaksjonen er open for alle og det finnes områder å rydde som passer for folk i alle aldrar. Målet med ryddeaksjonen er å få rydda mest mogleg av Voldsund og området rundt. Herøy Kajakklubb planlegg tur rundt Voldsund og vil då kunne ta dei område som er vanskeleg å nå til fots, medan andre frivillige ryddar forskjellige delar av området vi kan nå til fots. Opplev Runde stiller med noko lett å bite i og kaffi eller saft til deltakarane. Alle frivillige vil også få tildelt plasthanskar og ryddesekker. Oppmøtestad blir ved Vestplast Voldsund klokka 10.00 og arrangementet varer til klokka 13.00.

Aksjonen blir arrangert i samarbeid med Runde Miljøsenter, Opplev Runde, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Herøy Frivilligsentral, Herøy Kajakklubb med fleire.

Bli med å gjer ein forskjell – saman ryddar vi for ei reinare framtid!

Etter ryddeaksjonen er det mogleg å bli med til Runde Miljøsenter der kunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen vil lage til kjekke aktivitetar i lag med oss. Kunstnarduoen er kjende for å skape fargerik og tankevekkjande kunst av plast – og no tek dei med seg pop up-verkstaden sin til oss. Her kan du både sjå, lære og sjølv prøve å gi strandplasten nytt liv gjennom kreativ utfalding. Pop up-en vil finne stad ved Runde Miljøsenter frå klokka 13.00 til 16.00. Kafeen på Runde Miljøsenter vil helde ope til klokka 17.00 og serverar varm mat og drikke til dei som ynskjer. Velkomen til ei kunstnarisk oppleving saman med oss, enten du har deltatt på strandryddeaksjonen eller ikkje!

Arrangementet vert gjennomført med støtte frå Hurtigruten Foundation og Handelens Miljøfond.

Ta kontakt med Ovidie Mari Lynge for spørsmål: E-post: ovidie@runde.no; Tlf: 40623432

Forrige
Forrige
6. mars

Vårsamling på Runde 2026