Holmehopping på Grip 2023

Det var jo ein risiko å ta – å reise til Grip i september.. Men vi ble løna med steikande sol, fersk lyr og passe mykje søppel!

Laurdag formiddag var det ein blid gjeng som møtte på kaia til Gripruta i Kristiansund. Nokon litt trøytte etter ei natt med og utan telt, men ikkje noko som ikkje kunne ordnast med godt selskap og kaffi. Vêret var faktisk so fint at båten «Kvikk» kunne gå bortom Grip fyr (Norge sitt nest høgaste) før vi gjekk til kai på Grip. Her møtte vi gjengen frå Hustadvika, og vi fekk ei veldig interessant «byvandring». Skipperen på Gripruta er også ein solid lokalhistorikar, og formidla historia til Grip og folka der på ein levande og god måte. Men so var det rett i arbeidsklærne, på med vestar og ut på holmane for å rydde! Først gjekk vi laus på Moholmen, kor vi blant anna fann eit flyteelement frå oppdrett som hadde kilt seg mellom to berg. Men med litt fundering, ein porsjon staheit og rå muskelkraft fekk vi den laus og buksert ut slik at den kunne hentast med båt. Etter dette tok vi turen til Grøningen der vi også fann mange «gamle kjenningar» - flasker, tau, kuler av ulike slag. Begge desse holmane utgjer Grip naturreservat, hovudsakleg oppretta for å ta vare på fuglane som hekkar der, og på Grøningen fann vi igjen skiltet for ilandsstigningsforbod som båra sannsynligvis hadde rive av stolpen!

Festmiddagen vi skulle lage på Gripstova blei enda meir festleg når vi brått fekk to lyr og eit kamskjel i gåve av tre fridykkarar! Beste thai-gryta som har vore på to bein, tør eg påstå! Søndag hadde det blåst litt meir opp so vi bestemte oss for å rydde på sjølve Grip, og det var nok å ta tak i der også. Særleg inni moloane var det surra seg mykje tau. Men så tuta «Kvikk» og det var berre å få på seg treskoa og springe, som det heite i songen. Vi er kjempetakknemlege for å ha fått ei slik flott helg på Grip med hjelpsame og generøse griparar, og ein nydeleg nettverksgjeng som alltid. Vi gleder oss allereie til å sjå gjengen igjen på Ona i slutten av oktober!

Takk til Handelens Miljøfond for midlane brukt til å arrangere samlinga.

Forrige
Forrige

Haustsamling på Ona + årsmøte 2023

Neste
Neste

Vårsamling på Runde 2023