Vårsamling på Runde 2023

Vårsamlinga i 2023 blei arrangert der det heile starta, nemleg på Runde Miljøsenter. Med godt oppmøte frå store delar av fylket, var det god stemning og ei viss grad av spenning då vi koste oss med fredagstacoen med både kjøt, fisk og vegetarvariant. Kva ville helga bringe, ville det slutte å sludde, kva med vinden, kor mykje dessert vil vi klare å ete? 

Fredagen var prega av ruskevêr, noko som er eit flott syn ute i havgapet. Foto: Vasco Pinhol.

Laurdagen rann med strålande sol, og som seg hør og bør på Runde, med ein god porsjon vind. Båtturen som var planlagt måtte vi diverre avlyse, men vi fekk gjennomført fridykking med marinbiolog Pia Ve Dahlen frå Lei en biolog og Njord Freediver, fjøresafari med dyktig rettleiing frå Opplev Runde og sjølvsagt rydding i fjøra. Det var store smil og stor entusiasme i alle gruppene, og ikkje å forakte eit lite mellommåltid med kokt albueskjell (som vi no har lært eigentleg er ein snegl) og strandsnegl.

På snorkelsafarien fekk både erfarne og nybegynnarar prøve seg i vatnet. Foto: Vasco Pinhol.

Programmet inne var tett, men svært interessant. Først ut var marinbiolog Christop Noever (Runde Forskning), som var mannen som opna den sokalla «Plastkvalen» på Sotra – og dermed også var med på å endre liva til mange av oss. Det var fasinerande å få høyre kva som gjekk føre seg, både før og etter media greip tak i saka. Det var og nyttig å få forklart kvifor kvalar (og andre) er så utsett for å ete plast ved eit uhell. Kvalar er jo kjent for å være intelligente dyr, kvifor ser dei ikkje forskjellen mellom en manet og eit plastflak?  

Pia Ve Dalen er kjent for å halde forrykande, artige og lærerike foredrag – og det blei slik denne gongen og! Med innstillinga «det man elskar, beskyttar man» formidlar Pia med ei god blanding av skjemt og alvor alt det fantastiske som lever i havet. Alt dette som vi direkte og indirekte hjelper når vi går fjørelangs og ryddar. Det blir kanskje enklare for oss å formidle kvifor vi ynskjer å ta vare på havet når vi kan slå til med fakta som at krystallmaneten har bidratt til kvantesprang innan kreftforskinga, og indirekte var med i å vinne nobelprisen i kjemi i 2008?

Pia Ve Dahlen var like engasjert som vanleg når ho fortalte om noko av det rare som finnast i sjøen. Foto: Vasco Pinhol.

Vidare fekk vi to innlegg frå NTNU Ålesund. Først phd-student Ginerva Oertel som fortalte om hennar arbeid som vil dreie seg om marine kjelder til plastforsøpling og sjølvsagt korleis stanse desse. Deretter fekk vi presentert det no avslutta PlastOPol-prosjektet, med phd-student Christina Hellevik i spissen. Dette prosjektet jobbar med å utvikle ulike verktøy som kan lette oppryddingsarbeidet, slik som å kartlegge oppryddingsbehov og «artsbestemme» kva type plast vi finner. Vasco Pinhol avslutta laurdagen sitt offisielle program med å vise sine makelause bilete frå prosjektet Brosundet Langs. Igjen kan vi bruke fana at man tek vare på det man er glad i, og Vasco ønska å vise fram at det er vakkert og under havoverflata i Brosundet – ikkje berre over. Slik vil kanskje folk tenkte seg om både to og tre gongar før dei kastar ølboksar, handlevogner og anna skrot i sundet.

Snorkelsafarien førte til at både søppel og biologisk materiale blei tatt opp av havet. Foto: Vasco Pinhol.

Søndagen arbeida vi vidare med PlastOPol-verktøya, som no skal bli testa ut i prosjektet DatSam. Samarbeidet med NTNU vil halde fram, og verktøya satt på prøve under «Vi rydder Ellingsøyfjorden» som vil gå av stabelen 21. til 24. april. Som siste post fekk oss ein, bokstaveleg talt, strålande tur opp på rundefjellet og over til Lundeura. Her satt vi og nøyt utsynet, matpakka og ei rute eller to med mjølkesjokolade. Havørna gav oss ei stor oppleving med å sirkle lågt over oss, og vi såg havsula som jobba på med fiskeriet. Det heile ble avslutta med ei nydeleg fiskesuppe på miljøsenteret, før det var tid for å pakke saman, klemme nye og gamle vener før vi starta ferda heimover.  

Oppe i Kaldeklova på speiding etter fugl. Foto: Runde Miljøsenter.

Vi vonar alle hadde ei like flott helg som oss, og vi gler oss allereie til å sjå igjen alle – anten over eller under havoverflata!

Foto: Vasco Pinhol.

Om du er nysgjerrig i å vite meir om kva som forgjekk på samling so kan du lese referatet frå helga.

Forrige
Forrige

Holmehopping på Grip 2023

Neste
Neste

Bygginga av Nordøyvegen