I år gjekk turen til vakre Tustna, og for å bryte litt med tradisjonen leigde vi oss hus! Vêrgudane har jo vore litt vrange denne sommaren ... Men vêret var slett ikkje så vrangt denne helga, sjølv om vi var innom oljehyra.
Som vanleg var det ein kjekk gjeng som var samla, ni ryddarar, ein hund og ein ung fiskar! Området rundt Golma har vore ein del av Rydd i Tide, og lokale er òg med på å halde fjøra rein. Men tilsiget er stort, og med nokre gode tips kunne vi snevre inn til nokre aktuelle viker og holmar.
Laurdagen konsentrerte vi oss om Hestvika, ei bukt som var stor (og forsøpla) nok til at vi alle kunne stige i land og setje i gang. Det var mykje smått som låg i flomålet og i jordsmonnet, så det blei ikkje mange meter per time – men heller bitar per time! Det var òg større ting, som plastflak som låg oppi buskar og kratt. Det viste seg at der òg låg små, blodtørstige vampyrar, også kjende som knott, og venta på å overfalle ein stakkars strandryddar! Lunsj på berga var eit fint avbrekk, med heimelaga kjeks og energikuler som heilt klare høgdepunkt. Etter ei god økt etter lunsj tok vi fatt på heimvegen. Vi svinga oss rundt på kjøkkenet og laga pizza, med ein nydeleg forrett av nytrekt sei. Kvelden blei avslutta med kortspelet Mafia, som førte til mang ein latter!
På søndagens ryddeøkt delte vi oss opp i mindre grupper, og vi fekk rydda fleire bukter. Også her var det dei gamle, usual suspects: isopor, tau i ulik lengd og vekt, flasker ... Det var litt av eit berg med søppel som vi stabla opp på kaia, og vi var vel ikkje heilt sikre på om vi kom til å få med oss alt inn i arbeidsbilen. Men med godt lagarbeid og erfaring frå Tetris fekk vi pressa inn alle dei 495 kiloa.
Så var det berre å få pakka saman skitne arbeidsklede, tannkostar og sengeklede og starte på heimvegen.
Gode klemmar blei delte ut, og vi var alle einige om at det hadde vore ei hivens helg!
Takk til Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet, som gjer at vi kan halde nettverket i gang.