Vårsamling på Runde 2026

Vi takkar for en kjekk og innhaldsrik vårsamling på vakre Runde.

Fredagen starta med fredagstaco og Escape Room levert av Opplev Runde. Utover kvelden ble det haldt foredrag av Dr. Ian Grace om hans PHD-prosjekt om korleis kjemiske spor i skjela til djuphavsmuslingar kan fortelje kvar larvane kjem frå og kor dei har spreidd seg.

Laurdag vakna vi til nydeleg vêr og frukost før foredrag om farleg avfall med Odd Arne Arnesen frå Fallgard Kystrenovasjon. Kva farleg avfall kan ein finn når ein ryddar og kva skal ein gjer dersom ein møter på dette? Etter foredraget vart det klart for strandrydding i nærområde både over og under vatnet. Med godt samarbeid ble det rydda totalt over 1 tonn med avfall, inkludert 36 bildekk frå hamna.

Etter ryddinga haldt Martin Helseth foredrag om kva han driv med og framtidige planar. Martin er ein erfaren fridykkar som har rydda fleire tonn med marint avfall frå havbotnen og som nå ynskjer å gjere dette til sitt levebrød gjennom hans nye firma - Rewild Norge.

Vidare var det ope scene kor vi fekk sjå bilete av ei gråhegre som kjempa mot ein ålekvabbe, teken av fotografen Hallgeir Skjelstad. To studentar frå Biomarin innovasjon ved NTNU fortalde om oppgåva dei hadde gjort om Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal.

Utover kvelden vart det servert tapas, mimring om dagens opplevingar og mykje latter.

Søndagen starta med nydeleg frukost etterfølgt av foredrag med Annelise Chapman om kva dei gjer i Restorae. Restorae jobbar for å restaurere havet ved å støtte og utvikle tiltak, teknologiar og prosjekt som kan reparere og styrke marine økosystem.

Vårsamlinga avsluttast med ein felles tur til lundeura på Runde med naturrettleiar Johannes Madsen frå Opplev Runde.

Vi takkar for ei flott og lærerik samling. Totalt var vi over 40 stykk som var innom Vårsamlinga i år, inkludert både nye og gamle bekjente. Vi gler oss til neste gong!

Takk til Miljødirektoratet og Handelens Miljøfond for støtta til arrangementet.

Neste
Neste

Holmehopping i søppelsekk på Sandøya 2025