Holmehopping i søppelsekk på Sandøya 2025

Årets holmehopping blei gjennomført førre helg. Sjølv om ferja var full av bilar, og nokon måtte stå igjen både til og frå, blei det ei meget vellukka helg.

Det heile starta fredag ettermiddag i solveggen på Preststova rett ovanfor Sandøya sine kvite strender. Her blei det servert velkomstsaft av Sunnmøringane som kom først. Gjensynsgleda var stor, til og med blant førstegangsreisande. Tradisjon tru blei det mekka taco. Praten gjekk lystig inne i den koselege, gamle stova fram til mørket senka seg, og nokon gjekk ut for å slå opp telt, medan andre la seg i bilen eller oppe på loftet.

Laurdagen var satt av til strandrydding. Dei kvite strendene var fri for søppel og følget på ti glade strandryddara bevegde oss inn i hamna der tusenvis biter tauverk låg samanfiltret med tang og venta på oss. Ei nøysam tolmodsprøve.

Etter ei god pause på den lokale landhandlaren, med nysteikte vaflar, is og kaffe, var det på`n igjen med rydding i molo. Seint på ettermiddagen var bilen til Sunnmøre friluftsråd fullstappa med søppel, og sjølv om nokon var ivrig på å rydde enda meir, måtte vi sei stopp.

Tilbake ved Preststova blei det grilling, olympiske søppelleikar med blant anna søppelsekkhopping, og kveldskos rundt bålet.

Søndag var det kyrkjetid, sjølvsagt. Ukristleg tidleg møtte vi Inger Sandøy i den åttekanta kyrkja og fekk ei interessant omvisning. Kykjegjengarne veit no kvifor evangelisten Lukas mange stadar er malt med horn.

Etter kyrkja var det berre å pakke saman og stille seg i ferjekø og håpe at vi kom med. Nesten alle fekk plass. Berre Hallstein og mor Åse måtte stå igjen med bil og campingvogn på ferjekai. Kanskje står dei der enno? I so fall lev dei alle sine dagar lykkeleg der ute!

Vi gler oss allereie til neste samling 24. – 26. oktober på Smøla!

Neste
Neste

Rydd på eige bruk