Rydd på eige bruk

Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal ønsker å setje i gang ein rydde-stafett der bedrifter rydder eigne lokalitetar for marin forsøpling, og deretter utfordrar ein eller fleire aktørar til å gjere det same. Målet med stafetten er å synleggjere miljøansvar og inspirere til vidare innsats i næringslivet.

Korleis kan eg delta?

For å delta er alt du treng å gjere å arrangere ein ryddeaksjon etter eigarlaust avfall i nærområdet dykkar eller anna ønska område, og deretter dele om aksjonen i kanalane dykkar der de også kastar stafettpinnen vidare til (utfordrar) ei anna bedrift. Vi har laga nokre forslag til postar i sosiale medium som vi kan sende over (sjå under). Hugs også emneknaggen #ryddpåeigebruk.

Vi vil sterk oppfordre alle til å registrere aksjonen og funna sine i Hold Norge Rent sin ryddeportal slik vi får samla ryddestatistikk og andre veit at dette området ikkje treng å bli rydda med det første. Om de ønskjer fleire tips om korleis arrangere ein ryddeaksjon sjekk ut Ryddetipsa våre.
Har de spørsmål eller trenge hjelp med gjennomføringa ta kontakt med Erle Smedbold (e-post: erle@runde.no, tlf: 938 32 062).

Runde Forsking (datterfirmaet til Runde Miljøsenter) har fått finansiering frå Handelens Miljøfond til fasilitering og oppfølging av prosjektet. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre Friluftsråd har fått midler gjennom Miljødirektoratet.

Forrige
Forrige

Holmehopping i søppelsekk på Sandøya 2025

Neste
Neste

Vårsamlinga på Runde 2025