Vårsamlinga på Runde 2025

Ein vakker fredag i mars kom både lundefuglar og strandryddarar til Runde for å kose seg i strålande ver, lære noko nytt og gjere vakre Runde endå vakrare gjennom ein god ryddeaksjon. Ok, lundefuglen var kanskje ikkje med på programmet – men vi kom nå «heim» til Runde samtidig! 

Etter jubelrop for lundefuglen og gode klemmar venar imellom, starta programmet med eit flott fotoforedrag med Aleksander Nordahl. Tilfeldigheitene ville ha det til at han var på Grip samtidig som nettverket hadde sin holmehopping der seinsommaren 2023. Han hadde akkurat levert saka Laksegriseriet, som han og kollegaene fekk Skup-diplom for. Aleksander viste oss med bildete den motsetninga mange ryddarar kjenner på, mellom det vakre og fantastiske naturen og havet har å by på og fortvilelsen over øydeleggelsen som vi menneske påfører naturen.  Etter det tankevekkande innlegget, avslutta vi ein flott første dag med sosial fredagstaco og tant og fjas utover kvelden. Laurdag morgon var sola like blid som ryddarane, og etter ein solid frukost, drog landryddarane ut i Katarina-vikja for å gjere den gullande rein til fuglane kjem. Sjølv om både tjelden og ærfuglen var i nabolaget, var vi velkomne. Viktig HMS-tiltak denne dagen var solkrem.  Med frisk vind var det lett å ikkje kjenne at sola har vokst seg sterkare. Det blei funne mykje av dei vanlege kjenningane som tau, skyteleidning og isopor, men òg skuffande nok turistsøppel. Det er då ein rar ting å gjere, reise ut på vakre Runde for å nyte naturen – for så sette igjen ein pose med både bleie og anna i?! På desse strekkane som er rydda med jamne mellomrom fjerna vi knappe 600 kilo. Vi håpar at dette kan gi fugleungane ein betre start på livet. 

Samstundes vart det rydda under vatn i Runde hamn. Her henta dyktige fridykkarar opp åtte traktordekk og tolv «vanlege» bildekk, til saman nesten 500 kg. 

Vi har lenge ønska å få til ein afterrydd med musikk. Etter ein del orging, fant vi bandet med det passande namnet  Dive som ønska å spille for oss. Og for ein konsert det blei! I dei utrolege omgivelsane på miljøsenteret, med havørna seilande forbi og lundefuglen på storskjerm, spilte Dive eit nedstrippa og stemningsfult set med eigne låtar. Det var veldig kjekt å sjå at musikarane kosa seg minst like mykje som oss !  

Neste på programmet var forskaren Knut Ivar Bjørlykhaug frå VID vitenskapelige Høgskole. Han er ein lokal kar frå Grytastranda med stor forkjærleik for Runde. Han har brukt mykje av si tid på å forske på økosorg og menneskets tilknyting til naturen. Hans fortreffelege artikkel «Hvilke konsekvenser har naturtap for psykisk helse, sosialt liv og relasjonsarbeid» (2024) var utgangspunktet for innlegget. Det blei ei sterk stund, kor nok fleire kjente at det var godtvondt å anerkjenne følelsane rundt sorg og glede kjærleiken til naturen gir oss. Oppløftande avslutting med allsong av «Alle fuglar..» letta stemninga- ein skal ikkje kimse av krafta som ligg i å synge i lag! (Artikkelen finn du her, dessverre bak betalingsmur https://www.scup.com/doi/abs/10.18261/tph.21.2.2

Laurdagskvelden avslutta vi med nydeleg klippfiskgrateng, musikkquiz og kjekt sosialt lag mens nordlyset blinka på himmelen i bak oss.

Sanneleg var det sol sundag også, men vi måtte først inn iden lune, mørke kinosalen for å sjå den prisvinnande filmen «Skal hilse fra naturen» av Asgeir Helgestad. Filmen viser på utmerka vis den dobbeltheita vi ofte kjenner på; gleda over flotte naturopplevingar, men òg håplausheita når store og små perler blir forringa eller rett ut øydelagde. Filmen ga også  ein «call to action». Vi må få på oss støvlane og gjere ein innsats –  for innsatsen gjer ein forskjell! Dette vart debattert vidare etter filmen med dyktige fagpersonar og ivrige deltakarar i salen. Debatten runda av det faglege innhaldet på ein god måte. Håpefulle gjekk vi opp på fuglefjellet og nøyt den fantastiske utsikta og lundefuglsverminga.  Alle var einige om at det var ei fantastisk helg og gleder oss til vi sjåast neste gong.  

Om du vil snikkikke på lundefuglene finner du link til youtube-kanalen her https://www.youtube.com/live/pFv6OZehY_8?si=H8ESqRIzPqdjc42I  

Neste
Neste

Høst-samling og Årsmøte på Smøla 2024