Kva finn vi når vi er ute og ryddar?

Funna varierer sjølvsagt frå kor i landet ein ryddar, i Oslofjorden vil du finne andre ting enn på Jæren, ute på Alnes eller langs Varangerfjorden. Nokon gjenstandar vil dukke opp «uansett» som brusflasker og snusboksar, men du vil nok finne meir knytt til fiskeri- og havbruk i våre farvatn, og meir gjenstandar som kan knytast til personleg forbruk i Oslofjorden.

Q-tips er ein gjengangar på strandrydding, men no etter forbodet mot q-tips i plast vil nok dette bli eit mindre problem.

I følgje Hold Norge Rent-rapporten frå 2022 var topp tre i Møre og Romsdal, basert på antall, uidentifiserte plastbitar under 5 cm, tau under 50 cm og EPS/XPS (isopor). I Rydderapporten frå 2021 var det plastflasker, røyr og søppelsekkar, og i rapporten frå 2020 var det tau, uidentifiserte plastbitar og armeringsfiber som var på topp. Desse statistikkane er baserte på frivillige ryddeaksjonar der deltakarane har gjort ein ekstra innsats og registrert det dei har funne, og det eksisterar sjølvsagt nokon feilkjelder.

Fikseri og havbruksrelatert søppel. Foto: Plastpiratene.

Ryddeaksjon på Voldsund i lag med Runde Miljøsenter, NTNU Ålesund og Sunnmøre Friluftsråd

I februar 2023 gjennomførte nettverket i samarbeid med NTNU Ålesund, Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd ein ryddeaksjon på Voldsund i Herøy kommune. Dette området har blitt rydda før, men det var meir enn nok å ta av. Etter to timar rydding av 15 rydderar og ein god lunsj, blei nokon av sekkane opna og analysert etter Hold Norge Rent sin protokoll for funn-analyse.

Til saman rydda vi 800 kilo. Av desse opna vi ca. halvparten av sekkane, sorterte innhaldet i ulike haugar på ei presenning før bitane blei talt opp. Av det vi fann, var det sjølvsagt mange bitar med plast vi ikkje kunne identifisere. Sjø, vind og sol bryt opp plasten i mindre og mindre bitar, slik at det til slutt må regnast som «uidentifiserte plastbitar» - i denne analysen talte vi opp 686 bitar under 50 cm, medan vi fann 29 som var over 50 cm.

Sortering av avfallet funnet på ryddeaksjon på Voldsund. Foto: Runde Miljøsenter.

I kategorien «Personlege forbruksartiklar» hamna «lokk, korkar og drikkeboksringar» på førsteplass med 46 stykker. Som ein god nummer to fann vi 33 gjenstandar som hadde vore matemballasje. Godteri- og snacksemballasje kom på ein tredjeplass med 29. Kanskje overraskande fann vi 23 gjenstandar som falt inn under «leker, smukker osv». Det er nok mange born som har mista leikene sine til floa i sommarhalvåret, og kanskje mange vaksne som må passe betre på når dei grillar og serverer pølse og snop på tur.

Avfall sortert i kategorien “Personleg forbruk”. Foto: Runde Miljøsenter.

Frå fiskeri og havbruk fann vi heile 557 taubitar under 50 cm, og 96 som var over 50 cm lange. Av isopor (EPS/XPS) som kan kome frå både fiskeri, bygg og anna industri, fann vi 26 bitar som var over 5 cm og 40 som var under. Vi fann og 54 pakkebånd, 15 malingsspann o.l. og 10 skyteledningar (nonellslange).

Avfall sortert inn i kategorien “Fiskeri og havbruk”. Foto: Runde Miljøsenter.

Om du er interessert i å lese meir om kva vi fann på ryddeaksjonen, sjå denne nyheitsartikkelen inne på Runde Forsking si nettside.

Har du lyst å gjennomføre ei plukkanalyse?

Plukkanalysar er ei viktig kjelde til kunnskap om kva slags søppel som blir funne langs kysten, slik at vi saman kan stenge søppelkrana. Hold Norge Rent arbeidar kontinuerleg med å gjere dette so enkelt som mogleg for brukaren. Det einaste du treng for å følgje denne protokollen er ein brukar på Ryddenorge, søppel, og god tid. Erfaringsmessig er det og enklare å gjennomføre ei grundig undersøking om man har ein stad (gjerne innandørs) der man kan sortere og registrere avfallet i etterkant av aksjonen.

Det finnast meir detaljerte protokollar for sortering og registrering av strandryddesøppel som til dømes OSPAR sin og Deep Dive Marine Litter.

Kjeldefordelinga av avfall funnet på ryddeaksjon frå ulik sektor i Noreg, henta frå Hold Norge Rent sin Rydderapport 2023

Forrige
Forrige

Haustsamling på Smøla

Neste
Neste

Ryddenerding