Ryddenerding

Det blir skrive so mangt om plast og marin forsøpling. Her vil vi presentere eit lite knippe av forskingsartiklar, avisklipp og anna som vi synast er verdt å få med seg – både til nytte, glede og inspirasjon!

Sortering på Lausundsanden. Foto: Beate Kjerstad.

Lene Buhl-Mortensen og Pål Buhl-Mortensen er begge forskarar tilknytt Havforskingsinstituttet, og som har jobba med blant anna kartlegging av havbotn og djuphavsbiologi. I 2017 kom dei med ein artikkel om søppel på havbotnen i Noreg. Denne artikkelen fekk og merksemd i Sunnmørsposten - 30 millioner «søppelbiter» på bunnen av Norskehavet: – Ekstremt mye utenfor Møre. Dei har og skrive andre spanande artiklar som ligg opent tilgjengeleg på google scholar.

Havforskningsinstituttet har og ein eigen podkast som dei kallar Havpodden. Dei har laga mange interessante episodar om havet, og deriblant ein om plast i havet.

«Å se en havhest dø» av Guri Sogn Andersen (2019, Spartacus forlag), er ei lettlese bok på 87 sider, som fortel på ein leseverdig måte om problema vår forsøpling skapar i naturen – men og avlivar myter som kan stå i vegen for å ta tak i problema på ein skikkeleg måte. Det er ei opplysande bok som kan vere til stor hjelp frå vidaregåande skule og oppover.

Ein passar på det ein er glad i, seiast det. Og for å bli glad i havet, eller kanskje bli enda meir glad i havet, hjelp det å kunne noko om det. Vår alles marinbiolog Pia Ve Dahlen har vore med og laga ei episode på podkasten «Burde vært pensum» som handlar om havet og noko av det rare som bur der.

Eivind Bastesen på NORCE har saman med kollegaer hatt Lisle Lyngøyna utanfor Bergen som rydde-laboratorium. Der har dei sett på korleis plastforsøpling og oppryddinga har påverka økosystemet. Les meir om prosjektet her eller hopp direkte til artikkelen her.

For å få bukt med forsøplingsproblemet, må vi “stenge krana” – altså hindre at det blir fylt på med ny forsøpling medan vi ryddar. Dette er eit ansvar som ikkje berre ligg på oss som enkeltpersonar, men og myndigheiter og produsentar. Seinsommaren 2021 la dåverande statsminister Solberg fram ein ny plaststrategi. Fiskeridirektoratet har og utarbeida ein handlingsplan mot marin forsøpling. Den avklarar blant anna ein del ansvarsområde og skillelinjer mellom Miljødirektoratet, Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridirektoratet. Fylket vårt har og starta på ein «Fylkesstrategi for miljø, klima og energi». Denne nemner ikkje marin forsøpling spesielt, men vi tenkjer at det kan vere eit godt utgangspunkt for å halde politikarane våre ansvarlege og på dette fagfeltet.

Ein kan nokon gonger bli motlaus etter ein lang dag i fjøra. Er det nokon vits det vi driv med? Forsking seier JA! Marthe Larsen Harr har saman med kollegaer frå SALT Lofoten forska på i kva grad forsøplinga går ned etter år med iherdig rydding. Du kan anten lese kortversjonen på NRK eller heile forskingsartikkelen - Citizen science data indicate a reduction in beach litter in the Lofoten archipelago in the Norwegian Sea.

Forrige
Forrige

Kva finn vi når vi er ute og ryddar?

Neste
Neste

Ryddeaksjon med jobben