Ryddeaksjon med jobben

Hausten 2020 tok eit av våre medlemmar, Marko Polter, initiativ til ein ryddeaksjon gjennom bedrifta han jobbar i. Men kor omfattande den kom til å bli hadde han nok ikkje drøymt om! Marko fekk med seg den frivillige ryddeorganisasjonen Fallgard og i saman arrangerte dei storaksjon hausten 2020 på industriområdet på Mjølstadneset i Herøy kommune. Målet for aksjonen var todelt; å rydde rundt dørene til bedriftene før vinterstormane kom og blåste søppelet på havet, men og å bevisstgjere næringslivet på kva som ligg og sleng rundt omkring i industriområdet. På aksjonen deltok 160 personar frå åtte forskjellige bedrifter på rydding i omlag ein time, noko som resulterte i at det blei plukka imponerande 3840 kg søppel.

Bilete frå første ryddeaksjonen i 2020. Foto: Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt

Sidan aksjonen vart so vellukka valte arrangørane å gjenta suksessen året etter. Då var 150 personar frå heile 14 bedrifter med, som er nesten alle i området. Denne aksjonen resulterte i at 2900 kg søppel hamna i containere og ikkje i sjøen. Etter aksjonane har arrangørane berre fått positive tilbakemeldingar frå dei tilsette som var ivrige etter å gjenta arrangementet. Bedriftane og dei tilsette fekk og opp augene for problemet og i kva grad vi sjølve bidreg. 

Bilete frå første ryddeaksjonen i 2020. Foto: Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt

Ryddeaksjon med jobben er eit populært tiltak for ei bedrift og har mange positive “sideeffektar”. Dei tilsette får vere ute i frisk luft og i aktivitiet og det gir større trivsel og betre HMS av å ha det ryddig rundt bygga. Ryddinga er god team building, og ikkje minst gir innsatsen mindre søppel i naturen og ein bevisstgjering om forsøplingsproblemet.

Bilete frå første ryddeaksjonen i 2020. Foto: Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt

Kan du tenkje deg å bli med på ryddeaksjon i regi av jobben? Registrer di bedrift i dette skjemaet so tek vi kontakt med dei.

Forrige
Forrige

Ryddenerding

Neste
Neste

Tips til kva bedrifter kan gjere